Handelskonferansen 20. oktober 2022

Publisert torsdag 29. september 2022

Handelsbyen Førde har vokse blant anna som følge av handel,- og service. Vi er den største byen mellom Ålesund og Bergen og bør vere interessant som reisemål både for handlande og for dei som søker arrangement og aktivitetar.

Nærliggande områder reiser ofte til Førde først og fremst for å handle, medan dei som reiser langt handlar som følge av at dei er her av andre grunnar.

Saman skal vi sette søkelyset på kundeopplevingar, leiarrolla, ansvar og trivsel og på den måten dyrke og videreutvikle handels,- og servicebyen Førde.

Handelskonferansen er i regi av handelsgruppa i Fins, og med gode samarbeidspartar og sponsorar startar vi det som vi ynskjer skal vere ei årleg samling for alle som jobbar med handel og service i Førde.

På denne konferansen vil vi via ulike foredragshaldarar og ulike tema rette oss mot leiarar, administrasjon og personalansvarlege på dagtid, medan vi på kveld vil rette fokuset mot medarbeidarane.

Dersom du er ein av dei som har dette som ditt arbeidsfelt eller av andre grunnar tenker at dette kan vere både interessant og nyttig, så melder du deg på her: Påmelding

For meir informasjon og program, besøk HKForde.no