Folk, fart og framtid – vekstregionen Sunnfjord.

Publisert fredag 4. mars 2022

Til medlemmer av Førde Industri og Næringssamskipnad (FINS). Sunnfjord Utvikling AS inviterer oss til arrangementet Folk, fart og framtid – vekstregionen Sunnfjord.

For å forstå kva som er drivarane for veksten vi opplever i Sunnfjordregionen og korleis vi best kan utnytte mogelegheitene framover, har Sunnfjord Utvikling AS fått utarbeidd ei Nærings- og ringverknadsanalyse for Sunnfjord. Arbeidet er blitt den mest omfattande analysen av aktivitetsnivået i Sunnfjord nokon gong, og no er rapporten klar.

 

Vi håpar du vil delta på lanseringa i Sunnfjordsalen på Scandic Sunnfjord Hotel, fredag 25. mars klokka 9.00 – 12.00. Der vil vi få presentert spennande synspunkt på moglegheitene for næringslivet i Sunnfjord framover, diskusjon om samarbeidet i regionen og interessante meiningsutvekslingar i panelsamtale med folk frå ulike næringar.

 

I løpet av denne fredagsformiddagen vil du få:

  • Innsikt – kva drivkrefter for investering og vekst har vi i Sunnfjord?
  • Eit lokalt perspektiv på globale trendar
  • Høyre om utfordringane som krev samarbeid
  • Ein debatt om behovet for innovasjon, næringsattraktivitet og folk

 

Håpar å sjå deg der, vel møtt!

 

Klikk her for å melde deg på:   Ja takk, eg vil vere med.