Helseinnovasjonskonferansen i Førde er 28. januar. I år vert den gratis og digital!

Publisert mandag 18. januar 2021

Helseinnovasjonskonferansen i Førde er spesiell på mange måtar. For det første er det Helse Førde som inviterer. 1700 tilsette har sitt daglege arbeid på sentralsjukehuset i Førde, over 2500 personar i heile Helse Førde. Primæroppgåva er å behandle pasientar, men fylkets største arbeidsplass har også eit stort potensial for næringslivet som treng nye oppdrag innan ulike tenester. Og dei treng oss! Løysingar frå andre bransjar kan heilt klart kome til nytte for å løyse oppgåver i helsesektoren. Difor må vi bli betre kjent.

På denne konferansen får du ein smakebit av mykje!
På programmet i år står både namn frå lokalt næringslivet, spennande folk frå helsesektoren og rektor på Høgskulen på Vestlandet, men også regionale og nasjonale namn med høg kompetanse på innovasjonsfeltet.

Heile 20 foredragshaldarar kjem på denne digitale halvdagskonferansen! Det vert ein møteplass med korte innlegg og høgt tempo, så her blir det kjappe vendingar og tema for ein kvar smak. Konferansier er Håkon Haugsbø.

Sjølv om konferansen vert digital, så er det rom for mingling og å besøke innovative verksemder på stand.

Dette er ein årleg konferanse for å bygge bru mellom fag og sektorer primært lokalt, men også regionalt og nasjonalt. Meld deg på og bruk desse timane for å sjå kva som finst av mogelegheiter for dykkar firma. Utan næringslivet blir det ikkje god nok samhandling mellom akademia og helsesektoren;).

Heile programmet og meld deg på her – Tverrfagleg samhandling + innovasjon + helsesektoren!