E-39

Pr. januar 2011 er Statens Vegvesen i gang med planlegging av nye E-39 trasear rundt, og i Førde, som vil vere klare i løpet av året. 

Korleis og kvifor engasjerer FINS seg i utviklinga av  E-39:

Hovudsaka for FINS er vegpakke Førde. Samstundes er kravet om gul midtstripe gjennom heile fylket også viktig.

FINS har delteke aktivt i arbeidet for vidareutvikling av E-39 gjennom Sogn og Fjordane. Leif Arne Åsen er utpeika til næringslivet sin representant frå Lavik til Nordfjordeid, samt sit i stamvegutvalet for E-39. I tillegg til å vere oppteken av E-39 i heile fylket har samskipnaden arbeidd spesielt med å få til ei vegpakke Førde.

Følgande samrøystes vedtak frå styremøte 11.desember 2008 ligg til grunn for arbeidet:

”Styret i Førde Industri og Næringssamskipnad meiner det er heilt naudsynt å gjere eit krafttak for å ruste opp E-39 mellom Lavik og Skei. I ei slik opprusting må det vere eit mål å få gul midtstripe på heile strekninga, og at vegen vert rusta opp til dagens stamvegstandard. I ei slik pakke må det også finnast gode og framtidsretta løysingar i og omkring Førde. Dersom det er naudsynt for å framskunde og komme raskt i gang med prosjektet er styret villig til å vere med å drøfte ulike former for brukarbetaling”

Sunnfjord Næringsråd har og vore ein viktig støttespelar i arbeidet for betre E-39.
Les meir på Origio-sona E-39.