Til medlemmer i Førde Industri og Næringssamskipnad (FINS)

Publisert onsdag 3. mars 2021

Sunnfjord Utvikling AS, i regi av Rekrutteringsforum Sunnfjord v/ Kathe Arnesen, kartlegg i desse dagar bedriftene i Sunnfjord sitt behov for kompetanse og rekruttering i løpet av dei komande åra.

 

Dette gjer dei for å kunne spisse aktivitetane og kommunikasjonen mot dei riktige mottakarane, noko som vil komme bedriftene i heile regionen til gode.

 Informasjonen frå oss i næringslivet gjennom denne undersøkinga vil hjelpe Sunnfjord Utvikling med å forstå korleis dei best skal kunne hjelpe bedriftene i Sunnfjord med å finne – og trekke til seg – kandidatar innanfor dei kompetanseområda vi har størst behov for.

 

 

NB: Det er viktig at det er den som har hovudansvaret for rekruttering hos di bedrift som svarar på undersøkinga, og at det berre er ein frå kvar bedrift som svarar.  

 Dei fleste av oss har ikkje eigne tilsette som er ansvarlege for rekruttering og då er det best om dagleg leiar, eller den som driv mest med tilsettingar, svarar på undersøkinga. Dersom det ikkje er du som får denne e-posten som skal svare, set vi pris på at du sender den vidare til rette vedkomande.

 Alle svar er anonyme og svara kan ikkje sporast tilbake til enkeltbedrifter, eller til den som har sendt svaret.

Det vil ta ca. 10-15 minutt å svare på undersøkinga, men det er svært viktig at vi får inn så mange svar som mogeleg.

FINS oppfordrar alle til å sette av desse minutta no, og svare på undersøkinga. Då vil mange av oss kunne spare litt tid samt få tak i betre kandidatar neste gong vi skal ut og hente nye flinke folk til bedriftene våre.

 

Klikk denne linken for å svare på undersøkinga: https://no.surveymonkey.com/r/RekrutteringSunnfjord_