I år blir det digital Helseinnovasjonskonferanse

Publisert torsdag 6. januar 2022

Velkommen til digital Helseinnovasjonskonferanse 2-3.februar.

Helse Førde har i lag med fleire medarrangørar klart å sette Førde på kartet ved å årleg arrangere ein nasjonal helseinnovasjonskonferanse. Dette er ein fin måte å få innblikk i moglegheitene som ligg i samskaping med Helse Førde, og bli kjent med utfordringane som må løysast. Næringslivet kan bidra til å løyse samfunnsoppgåver og samtidig skape arbeidsplassar.

Til informasjon tok IT-forum Vest nyleg initiativ til etablering av ein helseklynge i Førde; med helsesektor, akademia og næringsliv som samarbeidsaktørar. Sjå her for meir informasjon.

Helseinnovasjonskonferansen 2022 vert digital, og går over to halve dagar – 2-3 februar. Programmet består av spennande foredrag frå både privat og offentleg sektor, akademia, verkemiddelapparatet, investormiljø og gründarar. I tillegg vert det aktuelle debattar, videopitching av innovasjonar, og ein stor digital utstilling med nytenkande bedrifter.

Dette er eit viktig arbeid for vår region, og her vil være tips og triks som er nyttige for deg og di bedrift å få med seg. Oppmodar dykk om å sjekke ut programmet i linken over, sette av tida og melde dykk på.