Til medlemmer av Førde Industri og Næringssamskipnad (FINS)

Publisert onsdag 16. juni 2021

FINS inviterer til frukostmøte med informasjon frå kommunedirektør Ole John Østenstad om status i Sunnfjord kommune, Kathe Arnesen gjev oss ei oppdatering om rekrutteringsprosjektet og undersøkelsen til Sunnfjord Utvikling. Vi avsluttar møtet med årsmøte i FINS.

 

Vi møtest på Scandic Sunnfjord Hotel, tysdag 22. juni kl. 08.00 – 10.00.

 

Møtet blir gjennomført i tråd med gjeldande føringar for smittevern, og alle må ta omsyn til desse.

Kl. 08.00 – FINS spanderer frukost (blir servert i møterommet).

Kl. 08.15 – Kommunedirektør Ole John Østenstad informerer om Sunnfjord kommune – ein kommune i vekst.

– Korleis arbeider kommunen for å tiltrekke seg nye verksemder, nyetablering og korleis bistår kommunen etablert og lokalt næringsliv for å legge til rette for vekst? Korleis brukar kommunen ressursar som tomteselskapet og Sunnfjord Utvikling?

– Korleis satsar kommunen på barn og unge? Barnehagedekning, unge arbeidstakarar, skule, ny vidaregåande skule og Førde som studiestad

– Informasjon om kommunen sin strategiplan/ økonomiplan, planavdeling og oppdatering om parkering og den pågåande debatten rundt dette.

 

Kl. 09.00 – Rekrutteringsprosjektet ved Kathe Arnesen

Kl. 09.20 – Årsmøte i FINS

Kl. 10.00 – Møteslutt

 

Påmelding sender du på e-post til geir@fvbk.no innan fredag 18 juni kl. 12.00.