«Ein vogntog stenger E39 etter å ha velta i Halbrendslia i Førde».

Publisert tirsdag 9. februar 2021

E39-krav: Ein uttal
«Ein vogntog stenger E39 etter å ha velta i Halbrendslia i Førde»

14-tida tysdag 26. januar 2021 måtte Hovudtrafikksentralen nok ein gong melde at hovudvegsambandet nord – sør gjennom Sogn og Fjordane var sperra for all trafikk..
For tungtransport med tidspress, for bussar som har rutetider å følge, for sjuketransport og utrykkingskøyretøy, for folk som skulle nå ferjer eller kanskje flyplassen på Bringeland, for arbeidsfolk på veg til eller frå oppdrag eller folk som skulle på handel eller berre på besøk i byen.

Eit knuseverk fall av vogntoget, men ingen kom til skade. Denne gongen. Kl. 18.30 var vegen framleis sperra med lange køer på begge sider. Nokre valde å køyre lange omvegar for å komme seg vidare. Etter seks timar starta manuell dirigering som pågjekk heile natta og neste dag. Først kl. 05.00 torsdag skulle vegen opnast igjen.
Helse Førde måtte planlegge å trille eventuelle bårepasientar forbi ulykkesstaden. Brannsjefen i Sunnfjord kommune uttalte til avisa Firda at ved ein brann i Slåttebakkane, eitt av dei store bustadfelta i Førde, hadde mannskapet frå brannstasjonen i Førde ikkje komme til. Dei måtte ha kalla ut dei 15 deltidstilsette ved stasjonen på Sande. Det ville teke minst 20 minutt. Ein røynd trailersjåfør kallar det ei katastrofe at slikt skjer i byggefelt. Heldigvis var det ikkje farleg stoff. Denne gongen.
Det er nok no.

I 50 år har Førde venta på å få E39 lagt ut om sentrum. No krev vi meir enn politisk forståing. Vi krev at dette viser igjen tidleg i neste Nasjonal Transportplan. Det handlar om miljø og tryggleik i vidaste forstand å få eliminert Halbrendslia som den bratte, einfelts- og store trafikk- og miljøfella den er. Vogntog brukar 40 liter diesel for å ta seg opp 6,6 km til Langeland. Fire slynger er så kvasse at bilane misser all fart.
Mange kvir seg faktisk på å køyre her vinterstid. For syklistar og gåande vil det vere risikosport året rundt.

At E39 er transportåre til sentralsjukehuset i Førde burde åleine vere grunn god nok til få fortgang på E39-omlegginga. Men E39 er i dag også hovudgate midt handelssenteret Førde og går forbi eller gjennom fleire bustadfelt. At her er 60 påkøyringsvegar, 14 fotgjengarfelt, to lyskryss og tre rundtkøyringar fortel både om trafikkfeller og ei lite effektiv transportåre.

Vi er klar over at desse argumenta har blitt framførde mange gonger av Førde kommune, politikarar, transportselskap og ikkje minst av næringslivet. Førde spelar stadig ei stor rolle som vekstsenter i regionen og tener eit stort omland. Byen viser ei imponerande evne til å få fram nyetableringar og til å svare opp eit breispektra bustadbehov. Dette er faktorar regjering og Storting bør merke seg i vegprioriteringane om dei meiner alvor med talemåtane om at dei satsar på distrikts-Norge og Sogn og Fjordane.

Nok er nok. For lenge sidan.

Førde Industri og Næringssamskipnad v/ Geir Opseth
Airlift AS, v/ Stian Hårklau
Firda Billag AS, v/ Nils Huus
Scandic Sunnfjord Hotell, v/ Odd Erik Gullaksen
O.Drage AS v/ Jørgen Drage
Bilhuset Førde AS, v/ Frode Svidal
Førde Sementvare AS, v/ Lasse Opseth
Norsk Gjenvinning AS, v/ Stig Aamelfot
Hellenes AS, v/ Agnar Hellenes
Naustdal Dampbakeri AS, v/ Martin Berntsen
Nortura AS, v/ Eivind Fonn
Nistad Transport AS, v/ Arne Nistad
Førdefestivalen, v/ Per Idar Almås
Åsen & Øvrelid AS, v/ Finn Ove Øen
Førde Vulk AS, v/ Ståle Kvammen
Glasmester Holvik AS, v/ Bjørn Holvik
FGH Invest AS, v/ Jonny Tjønn
Farsund Bygg AS, v/ Randi Engen
Bruland Trevare AS, v/ Sissel Bruland Gurvin
GK Inneklima AS, v/ Knut Arild Flatjord
Magne Hafstad AS, v/ Magne Hafstad
Bastal AS, v/ Frode Kjøsnes
Enivest AS, v/ Nandor Helgheim
Sparebanken S og Fj, v/ Roy Stian Farsund
Trucknor AS, v/ Norodd Støfring
Deloitte AS, v/ Geir Andre Helle
Harald Kapstad AS, v/ Geir Harald Kapstad
Florø Industri og Næringsforening,
v/ Bjørn Hollevik
Sogn og Fjordane Næringsråd,
v/ Bjørn Lødemel
BKK, v/ Arild Fleten
Coop, v/ Geir Espe
Credicare AS, v/ Eirik Klepaker
Entreprenørservice, v/ Andre Grov
Gravdalgruppa, v/ Bodil Kidøy Lunde
NLF v/ Asgeir Giil og Jan Ove Halsenøy
Råheim Transport AS, v/ Inge Råheim