Spennande frukostmøte i regi av FINS

Publisert fredag 21. februar 2020

Foto: Anne Bergitte Seljeset 

I februar arrangerte FINS frukostmøte på Scandic Sunnfjord Hotel & Spa. Eit 40-tals personar frå det lokale næringslivet møtte opp, for å høyre innlegget som vart halde av ansvarleg redaktør i Firda, Kai Aage Pedersen.

Tema på møtet var: «Firda – kritisk vaktbikkje som gneldrar eller konstruktiv medspelar for Sunnfjord?» 103-åringen Firda veks i tal abonnement og vart sist haust kåra til årets mediehus blant dei 80 lokalavisene i Amedia. Dette har Firda klart med ei målretta satsing for å gjere innhaldet i avisa yngre. Kai Aage Pedersen, kom til frukostmøtet og fortel korleis dei har jobba med denne omstillinga.

Byrja med historikk og eit positivt bodskap
Styreleiar i FINS, Geir Opseth, byrja med å ønskje velkommen til dei som hadde teke turen, som hadde valt å starte dagen med frukost i godt selskap.
– I dag snakkar vi ofte om crowdfunding av selskap, altså at bedrifter og privatpersonar går saman om å delfinansiere eit nytt prosjekt. Det har vi lange anar for her i Førde, sjølv om vi ikkje kalla det crowdfunding i dei dagar: Eg var nyleg i 90-års jubileet til Førde Sementvare. Bedrifta vart stifta i eit naust på Steinen i 1930. Når dei skulle bygge ny fabrikk i 1948, gikk 116 lokale personar inn med små og store beløp på til saman 75.000. Lånet vart tilbakebetalt i 1964, med revisorberekna renter for heile perioden, sa Opseth.
– Denne satsinga gav frukter og bedrifta er i dag meir solid og veldriven enn nokon gong. I 90 år har denne bedrifta og dei tilsette bidrege med arbeidsplassar og skattar til vårt lokalsamfunn. Firda er eit liknande eksempel på tilsvarande lokal økonomisk handsrekning. I tidleg fase av livet til avisa på 20-talet var det trongt økonomisk og også den gongen stilte lokalt næringsliv og innbyggarar opp med finansiell hjelp i viktige år av oppstartinga.
– Dette er utruleg viktig, og det må vi aldri slutte med. Både Firda og Førde Sementvare har vore opphav til mange andre bedrifter opp i gjennom åra, og den arven må vi som sit i salen vidareføre: Vi må legge til rette for fleire bedrifter, som genererer innbyggarar og arbeidsplassar i dei neste 100 åra. Vi må støtte opp om berebjelkane våre: Dei etablerte, solide bedriftene vi har, og heie fram spennande nye prosjekt.
– Og då gir eg ordet til Kai Aage Pedersen, som skal fortelje om lokalavisa vår, som blir enno meir relevant for oss no som NRK Sogn og Fjordane har gått over i historia. Firda blir utfordra av vår Facebook-bruk og andre konkurrentar, Kai Aage skal fortelje om korleis dei tenker og kva grep dei har gjort.

Spennande jobbar og kvinneoverskot lokka sogningen til Førde
– Korleis hamna ein sogning i Førde? Før eg kom til Førde jobba eg i Sogn Avis, som hadde nær monopol på nyhende i Sogn den gang. Eg såg at det var ei spennande utvikling på gang i Førde, med mykje mediearbeidsplassar og konkurranse. Og så såg eg og at Sunnfjord hadde kvinneoverskot. Eg flytta dit i 1992 og byrja i NRK. Og det var eit godt val: Eg møtte første kona mi på Piraja, og den andre på Pikant, fortalte Kai Aage med glimt i auget.
– Sidan har det vore ei sterk utvikling av mediebransjen, som eg og mange andre har fått lov å vere med på, seier han og held fram.
– Det låg nokre merkesteinar i lokalsamfunnet Førde, som eg likte godt: Grillen, Mjølkebaren, kafeen på Firda Billag og ikkje minst Firda. Det førte til at eg brukte det meste av mitt vaksne liv her, og eg trivast særs godt. Eg har hatt barn i dei fleste barnehagane her, og i skulane frå grunnskule til vidaregåande. Og eg har eit sterkt ønske om at ungane mine skal vende tilbake til Sunnfjord, og skape seg eit liv her etterkvart, seier Pedersen.
– Det er bakteppet mitt i høve valet om å vende tilbake til Firda. Når eg fikk høve til å ta jobben som redaktør i Firda, brukte eg kort tid på å bestemme meg. Ei lokalavis er viktig i folk sitt daglegliv. Og sjølv om Firda fyller 103 år i år, så har eg ikkje lyst at vi skal vere ein gamling med stokk. Firda skal vere eit vital bedrift, med auge for dei yngre målgruppene.

Den digitale omstillinga
Pedersen fortel om ei omstilling som alt har føregått i 20 år.
– Då eg byrja i denne bransjen, venta folk til dei hadde ete, så las dei nyhende i avisa. Slik er det ikkje no lenger, no tek folk med seg mobilen på do når dei står opp, så er dei fullt oppdatert på det meste når dei går ut døra, seier han og fortel om startskotet.
– Firda si første nettavis vart lansert i år 2000, under redaktør Stein Arne Ottesen. Så det er snart 20 år sidan den utviklinga byrja for vår der. Og så gikk det eit par år, så kom den første reinhekla nettavisa i Sogn og Fjordane: Sofie.no, leia av Arne Eithun. Dei var litt for tidleg ute, men dei var utruleg gode på nyhende. Dei gikk oss på hælane i NRK Sogn og Fjordane, men klarte seg ikkje økonomisk. No er vi der at digitale plattformar er berekraftige i seg sjølv, seier han og deler eit spennande utvikling i Firda.
– Per no har vi cirka 11.500 abonnentar. Det er cirka 500 fleire enn for eit år sidan. Og dei fleste nye er digitale abonnement. Mange er også heildigitale!

Årets mediehus
I fjor vart Firda kåra til årets mediehus i Amedia.
– Årsaka er at vi har lukkast redaksjonelt i den omstillinga vi er inne i. Den store utfordringa vår er at folk sluttar å lese på papir. Vi ser heller ikkje så mykje nyhende på lineært fjernsyn lenger. Det er ikkje slik lenger at vi samlar oss rundt dei same tinga: Gullrekka taper terreng, og der vi før hadde dei same referansane når vi kom på jobb, fordi vi lytta til NRK Sogn og Fjordane på same tid, er vi i dag mykje meir fragmenterte. Det er utfordrande, men det er mogleg å nå fram, seier han og fortel om utviklinga i Amedia.
– Då Sparebankstiftelsen DNB kjøpte opp Amedia i 2016 betalte dei 400 millionar kroner for 65 aviser. Det er omtrent det same som dei brukte på ein Cello, eit musikkinstrument, same år. I fjor leverte Amedia 500 millionar kr. i overskot på eit år. Så akkurat no er det gode tider i mediebransjen. Men det ligg store utfordringar der framme. Vi har uttruleg mykje å kjempe med kvar einaste dag for å halde flyten.

Stadig nye unge les avisa
– Det vi har lukkast særs godt med er å klare å knytte til oss yngre målgrupper. Det har vore ei målretta satsing på nytt innhald, på måtar ein ikkje er vant med. Marie Havnen er ei ekstremt flink dame, som i si tid som redaktør blant anna satsa på Mitt bryllaup. Det innhaldet berga nesten Firda, ved at det trefte yngre målgrupper, fortel Pedersen.
– Det vart debatt rundt dette, men for meg er slikt namnestoff viktig stoff. I blant kan det bli for mykje av ein type innhald, men slik vil det alltid vere. Det er viktig å vise fram folk i lokalsamfunnet. Og fødslar, død og bryllaup har alltid vore viktig stoff i lokalaviser.
– Det er berre ei aldersgruppe Firda taper terreng i: 80+. I alle andre målgrupper aukar vi, og vi hentar inn tapet frå 80+ nesten på aldersgruppa 20-29 åleine. Så det er blant dei yngste vi veks mest. Om eg skal gi eit kort bilete av det siste året, så er Firda den avisa som vekst mest i Amedia i sin storleik. Og vi ligg også heilt i konserntoppen på vekst. Og så kan ein alltid uroe seg litt, for dei siste vekene har vore litt tamme.

Papir er viktig
Papiravisa er viktig for Firda.
– I dag kjem dei stordelen av inntektene våre frå papir. I tillegg til papiravisa og annonsesalet der har vi inntekter på Sogn og Fjordane Avistrykk, som trykker alle Amedia-avisene lokalt, og vårt eige distribusjonsselskap. 60 prosent av inntektene våre kjem frå papirinntekter og annonser på papir i dag. Det er ei utfordring framover: Korleis halde på dette lengst mogleg, medan vi bygger oss opp digitalt, spør han og held fram.
– Samtidig er ikkje papiravisa like effektiv som nyheitsplattform i dag. Når folk har vore innom mobilen om morgonen, så er dei fullt oppdatert. Vi har ute 20 saker kvar dag, då seier det seg sjølv at det er den digitale plattforma vår som er viktigast i høve nyhendeformidling.

Digital framtid
Mange undrar seg på framtida til papiravisa.
– I det lange løp ser vil til det digitale for levebrødet. Så har vi ei utfordring på marknadssida: Å få høg nok pengestraum på den digitale biten. Det er framleis enklare å få inn pengar på papir. Så vi ønskjer oss sikre og stabile inntekter digitalt. Det har visst seg vanskeleg å få høge lesartal på den tradisjonelle samfunnsjournalistikken. Det er bryllaup, det nære og spesielle historier som får høge lesartal, til dømes når nokon klypper plenen sin på Holsen i januar, seier han og kjem med eit atterhald.
–Ei gledeleg overrasking frå i fjor sommar/haust var kor stor interesse det var for å lese om politikk i Sunnfjord. Og andre harde nyhende, til dømes stoff om Førdepakken, fenger også. Vi la ut ei sak om Førdepakken nyleg, som på kort tid var lest av 6000 menneske, og dei las i 2,5 minutt. Det viser at politisk stoff blir lest, seier han og fortel at dette er viktig.
– Journalistikk er ikkje viktig før den blir lest. Og det gler meg at når vi lagar viktig stoff om Førdepakken, hallar, politikk, Peak Sunnfjord, Helse Førde, nye bedrifter, og liknande, så går slikt stoff veldig godt. Og så er det viktig at vi klarar å ha ein fin blanding av det tunge og det lette, slik at vi fenger ulike målgrupper. Skal du ha ein klikkvinnar, så er det ein frisør som driv med yoga som flytter til Førde og etablerer seg, seier han med eit smil.
– Alle framskrivingar tilseier at inntektene på sikt vil gå ned, og at annonsemarknaden blir lågare. Papiravisa har ei lang framtid, men før eller seinare blir Firda heildigitalt. Og då er det vanskeleg å sjå føre seg at alle inntektene frå papir følgjer med. Samtidig kuttar ein også ein del utgifter i form av trykk og distribusjon. Men det er klart at eit fall i inntektene gir store utfordringar lenger framme. Vi må sikre mest mogleg annonseinntekter på den digitale delen, og vri over på meir brukarfinansiert journalistikk. Det krev også at vi satsar tungt vidare på å nå yngre målgrupper.

Skal sette dagsorden
Og så understrekar han at sjølv om klikk tel som aldri før, så skal framleis Firda sette dagsorden.
– Vi skal både stå for god, gamal lokalavisjournalistikk, som treff auga, og vere med på å sette dagsorden. Vi må også ha journalistikk som gir ei djupare meining enn berre å tene pengar. Vi skal vere lim og lupe i lokalsamfunnet vårt: Både følgje med på det som skjer, vere kritisk når vi må og ikkje minst heie på lokalsamfunnet vårt. Vi skal heie på dei som etablerer seg, og følgje sunnfjordingen frå vogge til grav. Vi må fortelje om det når noko går gale, men vi vil ho helst fortelje om det som går bra.

Møtet vart runda av med livlig debatt, rundt tema som Facebook, bryllaup, om Firda kom til å dekke større område, blant anna Florø, tettare og om Firda skulle halde fram med å fotografere utlivet.