God samrøre mellom Florø og Førde

Publisert fredag 17. mars 2017

Torsdag 16. mars 2017 var medlemer i Førde industri- og næringssamskipnad (FINS) på besøk hos Flora Industri og Næringsforening (FIN) i Florø.

50-60 deltakarar fekk omvising på den imponerande fiskefôrfabrikken til EWOS, som omset på 3,5 milliardar kroner i året.

Deretter gjekk turen til ei bedrift med noko mindre tankar, med like fullt eit imponerande industrieventyr det også. For ti år sidan var det ikkje mange som trudde på at det skulle bli bygd eit bryggeri i Florø. Men Kinn Bryggeri har på berre åtte år blitt eit kjent kvalitetsmerke for handverkarøl i inn- og utland. Og smaksprøvane smakte!

I september 2017 er det FINS sin tur til å vere vertskap når FIN kjem på Førde-besøk.

Omvising på EWOS:

Omvising på Kinn Bryggeri:


F.v.: Leiar Bjørn Hollevik i FIN og leiar Geir Opseth i FINS på Kinn Bryggeri.


Ølgründer Espen Lothe fortel om historia til Kinn Bryggeri og ølet dei produserer. Her frå tappeavdelinga.