Kategori:
Konferanse
Stad:
Storehagen 2, 6800 Førde
Frå
2024-08-22
Til
2024-08-23
Folka | Viljen | Krafta — i Sogn og Fjordane! Kva moglegheiter skal vi gripe, og kva skal vi la gå? Vi har eit næringsliv som leverer, men er potensialet realisert fullt ut? Regionen vår står ovanfor demografiske utfordringar, og vi møter stadig tøffare val. Kva posisjon skal næringslivet i Sogn og Fjordane ta?
Konferanse
Storehagen 2, 6800 Førde
2024-08-22
2024-08-23
Heilekonferansen samlar folka, viljen og krafta i næringslivet i Sogn og Fjordane til foredrag og paneldebattar med lokale, regionale og nasjonale aktørar, over to dagar, frå lunsj til lunsj. Konferansen har vore fullsett sidan oppstarten i 2021.
På scena i år får du mellom anna møte sjefsøkonom i SpareBank 1 Gruppen Elisabeth Holvik og direktør i Distriktssenteret Marit Lofnes Mellingen.
Til Heilekonferansen 2024 kjem også Michelin-kokk og restauranteigar Christopher Haatuft, som driv Lysverket og Hoggorm i Bergen – og Golfstrømmen i Texas, for å gi oss ei kulinarisk oppleving!
Arrangør av Heilekonferansen er FINS / Førde Industri- og Næringssamskipnad, i samarbeid med arrangementsselskapet Hending og Scandic Sunnfjord Hotel & Spa.
FINS er interesseorganisasjonen til næringslivet i Førde og omegn. Omlag 140 verksemder frå alle deler av næringslivet i Førde og omegn er medlemer.
Leiing/sekretariat for FINS:
Geir Opseth
leiar@fins.no
480 02 223
Følg oss på Facebook