
Avspark – oppsummering
Avsparket for nye Førde sentrum lokka ca 160 samfunnsengasjerte innbyggarar til Larris scene 7. mai 2024. God stemning denne kvelden. Vi treng slike arenaer som samlar engasjement i Førde.
Til medlemmer av Førde Industri og Næringssamskipnad (FINS):
Sunnfjord kommune har sett i gang arbeidet med å lage ny arealplan for kommunen. Dette er ein viktig plan for alle som bur i Sunnfjord kommune, men kanskje spesielt for oss i næringslivet. Dersom du og di bedrift har prosjekt og idear for dei neste 12 åra som treng forankring i kommunen sine planar så er det no du må være på ballen!
Onsdag 30 mars er siste frist for å komme med innspel til Sunnfjord kommune sin nye arealplan.
Denne planen dekker mange bruksområde som kan ha betydning for deg og di bedrift.
Her kjem nokre få eksempel på saker som blir tatt opp i arealplanen:
– Forslag til nye byggefelt
– Forslag til nye næringsareal
– Planar for areal tilrettelagt for fritid og rekreasjon
– Parkeringsnorm, byggehøgder, utnyttingsgrad, skiltreglement
– Oppbygging med krav og detaljnivå i arealplanen
– Behov for og plassering av skular, barnehagar, eldreomsorg og anna viktig struktur
Tenk gjennom kva behov og idear dykkar bedrift, tilsette, kundar og tilreisande har, og send inn nokre linjer for å sikre at innspelet blir med vidare i arbeidet med arealplanen.
Klikk på denne linken for å sende inn innspel: https://skjema.onacos.no/sunnfjord/prod/dialogue/SUN0197/
Kopi av denne e-posten går til Julie Daling (julie.daling@sunnfjord.kommune.no) som er byplanleggar i Sunnfjord kommune, og prosjektleiar for arealplanen. Dersom noko er uklårt om arealplanen eller arbeidet med den tar de kontakt med ho.
FINS er interesseorganisasjonen til næringslivet i Førde og omegn. Omlag 140 verksemder frå alle deler av næringslivet i Førde og omegn er medlemer.
Leiing/sekretariat for FINS:
Geir Opseth
leiar@fins.no
480 02 223
Følg oss på Facebook
Avsparket for nye Førde sentrum lokka ca 160 samfunnsengasjerte innbyggarar til Larris scene 7. mai 2024. God stemning denne kvelden. Vi treng slike arenaer som samlar engasjement i Førde.
Formannskapet i Sunnfjord kommune har gjort vedtak om å sende Detaljreguleringsplan Bru over Jølstra til høyring og offentleg ettersyn i samsvar med plan- og bygningslova (pbl) § 12-10. Vi ønsker innspel frå deg. Høyringsperioden er 7. mai – 12. juli 2024
Følg med i morgon for å få ein liten smakebit på årets konferanse. Du kan få påmeldinga direkte på e-post i morgon ved å melde deg på Heilekonferansen sitt nyhetsbrev