FINS Frukostmøte

Tysdag 7. november hadde vi i FINS frokostmøte med våre medlemar.

Pål Sandal frå PwC starta med å presentere resultat frå deira undersøking mellom bedriftene på Nordvestlandet frå i vår om temaet:
 
Fartsbremsar og motivasjon: Slik opplever bedriftene i regionen berekraftsarbeid.
Vidare tok Eivind Karikoski frå NLF opp temaet: Vårt ansvar som kjøparar av transport og korleis sikre «Fair Transport».
 
Norsk Lastebileier-Forbund ga oss ei oppdatering på vårt ansvar som kjøpar av transport og tips til korleis vi som bedrifter kan etterleve desse. Eivind vil også informere om korleis sikre å gjere gode val innan transport i ein situasjon der marknaden er prega av usunn konkurranse som gir prisdumping og påfølgande reduksjon av sikkerheit, sosialt ansvar og miljøperspektiv. Dette kan vi alle påverke, her får vi vite korleis vi best gjer det.
 
Avslutningsvis var det presentasjon av julesamling for næringslivet ved Rolf Sanne-Gundersen.
Vi håpar å sjå mange av våre medlemar den 13. desember på julesamling.😊

Om FINS

FINS er interesseorganisasjonen til næringslivet i Førde og omegn. Omlag 140 verksemder frå alle deler av næringslivet i Førde og omegn er medlemer.

Leiing/sekretariat for FINS:
Geir Opseth
 leiar@fins.no
 480 02 223
 Følg oss på Facebook

Andre arrangement

Avspark – oppsummering

Avsparket for nye Førde sentrum lokka ca 160 samfunnsengasjerte innbyggarar til Larris scene 7. mai 2024. God stemning denne kvelden. Vi treng slike arenaer som samlar engasjement i Førde. 

Les meir »

Detaljreguleringsplan Bru over Jølstra

Formannskapet i Sunnfjord kommune har gjort vedtak om å sende Detaljreguleringsplan Bru over Jølstra til høyring og offentleg ettersyn i samsvar med plan- og bygningslova (pbl) § 12-10. Vi ønsker innspel frå deg. Høyringsperioden er 7. mai – 12. juli 2024

Les meir »

Lansering av Heilekonferansen 2024

Følg med i morgon for å få ein liten smakebit på årets konferanse. Du kan få påmeldinga direkte på e-post i morgon ved å melde deg på Heilekonferansen sitt nyhetsbrev

Les meir »