Heilekonferansen 2025

Taktskifte! Kva skjer når vi må endre takta? Strøymingane går raskare, saktare – og nokon stadar i revers. Følger vi rytmen eller går vi mot straumen? Velkomen til Heilekonferansen 28. - 29. august 2025 | Sunnfjordsalen Scandic Sunnfjord Hotel & Spa

Kategori:

Konferanse

Stad:

Storehagen 2, 6800 Førde

Frå

2025-08-28

Til

2025-08-29

Påmelding


Velkomen til Heilekonferansen!

Heilekonferansen samlar folka, viljen og krafta i næringslivet i Sogn og Fjordane til foredrag og paneldebattar med lokale, regionale og nasjonale aktørar, over to dagar, frå lunsj til lunsj.
Konferansen har vore fullsett sidan oppstarten i 2021.

Meld deg på – 29. august 2025 | Sunnfjordsalen, Scandic Sunnfjord Hotel & Spa

På Heilekonferansen får vi servert mat i verdsklasse
– signert Norges Kokkelandslag.

Med dei fremste kokkane i landet på laget står dei for innovasjon, handverk og smakar i toppsjiktet av det norske og internasjonale kjøkkenet. Kokkelandslaget har gjennom fleire år hevda seg i dei største konkurransane i verda, og er kjent for å kombinere norske råvarer med kreativitet og presisjon.

    Matservering
    Parkering
    Underholdning
    Musikk
    Skjenkebevilling og servering
    Lunsj inkludert
    Arrangør:

    Arrangør av Heilekonferansen er FINS / Førde Industri- og Næringssamskipnad, i samarbeid med arrangementsselskapet Hending og Scandic Sunnfjord Hotel & Spa.

    Om FINS

    FINS er interesseorganisasjonen til næringslivet i Førde og omegn. Omlag 140 verksemder frå alle deler av næringslivet i Førde og omegn er medlemer.

    Leiing/sekretariat for FINS:
    Geir Opseth
     leiar@fins.no
     480 02 223
     Følg oss på Facebook