Bruk lokalt næringsliv!

Publisert fredag 3. juli 2020

Frå venstre: Geir Opseth, Mariann Njøsen, Jørgen Drage, Sigrid Anette Førde, Roy Stian Farsund, Frode Svidal og Odd Erik Gullaksen. 

FINS er interesseorganisasjonen til næringslivet i Førde og omeign. Vi jobbar for at næringslivet skal ha gode rammevilkår, og at Førde skal være ein god plass å bu i og reise til. FINS har ei viktig oppmoding til deg no: Bruk lokalt næringsliv!

Følg FINS på Facebook: @fins.no

 

Bruk lokalt næringsliv
«Næringslivet vårt er tett vevd saman og er både nyttig for kvarandre, avhengig av kvarandre og konkurrerer med kvarandre. Likevel er det slik at desse motsetningane alle endar opp i at det som gagnar naboen i dag gagnar deg sjølv i morgon. Dette er eit viktig moment for at våre bedrifter er opptatt av å handle lokalt. Dette styrkar framtida til di eiga bedrift og utviklinga (veksten) til bedriftene rundt deg.»
Geir Opseth, leiar FINS

 

 


Turisme er avhengig av eit mangfaldig næringsliv rundt seg
«Vi er så heldige å bu i eit av verdas vakraste område, ettertrakta som reisemål for folk frå heile verda. Dei kjem hit for å oppleve naturen, men dei treng ei seng å sove i, ein guide til toppen, ein stad å ete, dei vil handle, oppleve kultur og mykje meir. Utan eit godt tilbod i botnen, vitrar reiselivet vårt vekk. Difor er det viktig at også vi nyttar oss av tenestetilbodet og næringslivet rundt oss, slik at vi styrkar tilbodet.»

Sigrid Anette Førde, styremedlem FINS

 

Sommarjobbar til dei unge
«FINS engasjerer seg fordi vi er oppteken av å verne om, og styrke lokalt næringsliv.
Du bør også tenke over følgjande: Om du vel å handle på ein av dei lokale butikkane, er du med å sikre arbeidsplassar, og at vi har eit mangfald av tilbod. Og ikkje minst bidreg du til å sikre barna våre sommarjobbar i framtida.»

Frode Svidal, styremedlem FINS
—————————————————————————————
Bidra til eit levande sentrum
«Alle ønskjer eit levande sentrum, der folk møtast, og det er liv og røre. Eit sentrum der det er lys i butikklokala, og kaffitraktaren går på kafeane. Eit sentrum der folk nyt livet på benkar langs Jølstra, både i lunsjpausar og etter jobb. Om du brukar dei lokale tilboda, i form av butikkar og kafear i dag, finn du dei her i morgon også.»

Roy Stian Farsund, styremedlem FINS
—————————————————————————————

Bruk aktivitetstilbodet vårt
«FINS er oppteken av at det skal vere mykje kjekt å gjere på fritida i byen. Difor må vi som bur her nytte seg av fritidstilboda våre. Eit spennande aktivitetstilbod er viktig, for at Førde skal rekruttere både turistar og nye innbyggarar. Det er ei styrke for resten av næringslivet, gjennom fleire kundar til butikkar og tenesteyting. Fleire innbyggarar er også positivt for skule- og barnehagetilbodet vårt.»

Jørgen Drage, styremedlem FINS
—————————————————————————————

Styrk studiebyen Førde
«Vi i FINS ville minne deg om noko viktig: Når du brukar lokalt næringsliv, og dei ulike service- og fritidstilboda Førde har, bidreg du ikkje berre til å styrke næringslivet vårt og Førde som buområde. Du er også med på å gjere Førde til ein meir spennande studieby. Om studentane trivast, og har ei flott studietid i ein aktiv, mangfaldig og spennande by – aukar sjansen for at dei etablerer eg i området også etter studietida.»

Odd Erik Gullaksen, styremedlem FINS

—————————————————————————————

Lokale bedrifter sponsar lokalt!
«Lokale bedrifter har gjerne eigarar, med barn eller barnebarn sjølv, som er like glødande engasjert i lokalt idretts- og kulturliv som vi andre. Dei lokale som kan bidra, dei gjer det. I løpet av eit år vert det fleire millionar kroner til aktivitetstilbod. Slik sirkulerer dei pengane du brukar lokalt. Å bruke lokalt næringsliv sikrar at barn og unge får ei meiningsfylt fritid, med gode møteplassar.»

Mariann Njøsen, styremedlem FINS

————————————————————————————–