15. november er det nattope i Førde igjen

Publisert onsdag 2. oktober 2019

I år er Nattope 15.november. Dette er ein flott tradisjon i Førde, som markerer starten på julehandelen. Alti og Elvetorget har nattope til 24.00, medan andre har kveldsope.

Fantastisk premie

Under nattope samlar handelsstaden seg i Førde rundt ein fantastisk premie, som blir trekt om kvelden klokka 21. utanfor Elvetorget. Ein hengar fylt med mange godbitar, så her er det berre å krysse fingrane.

Butikkar som bognar over av gode tilbod

Nattope er den dagen i året då butikkane finn fram dei verkeleg gode tilboda, så her ligg alt til rette for ein god handel. Det blir liv og røre, moglegheita for å gjere kupp og ikkje minst høve til å treffe vener og kjente.