Godt oppmøte på frukostmøte til FINS – der Sunnfjord Energi orienterte om fusjonsplanane

Publisert tirsdag 18. juni 2019

Mellom 50-60 personar frå næringsliv, politikk og forvalting møtte opp på Thon Hotel Førde, for å høyre styreleiar i Sunnfjord Energi, Arvid Andenæs, fortelje om dei pågåande planane for fusjon med BKK.

Med seg hadde han også adm dir i Sunnfjord Energi, Fredrik Behrens, og konsernsjef i BKK, Jannice Hilland.

– Det er kjekt å vere tilbake i manesjen, og kjenne dufta av sagmugg, slo Arvid Andenæs fast, og levert 45 energiske minutt med gjennomgang av prosessen, og ikkje minst medieomtalen dei siste månaden.
Andenæs byrja med å fortelje om kor skuffa han vart då den pågåande fusjonsprosessen med Sogn og Fjordane Energi stogga opp, som gradvis gikk over i ei ny prosess, med stadig sterkare entusiasme. Og at Sunnfjord Energi gikk inn i samtalen med BKK med eit open sinn.
– Vi gikk frå skuffelse til ny innsats, og gikk inn i dette med eit open sinn. Den som ikkje er open for ny kunnskap, blir neppe klokare. Endra struktur på regionen rundt oss krev ny tenking og nye grep. Vi må ikkje vere husmenn i eige fylke, og stå med lua i handa overfor storebror i Bergen. Det vi jobbar med i Sunnfjord Energi er like framtidsretta, miljøvennleg og innovativt som det dei gjer i Bergen, berre i mindre skala. Og vi kan ikkje ha fokus på å bevare og drifte, vi må utvikle Sunnfjord Energi vidare inn i framtida. Vi må tenke oss inn i det nye Vestland, og saman ta ut felles verdiskaping i ein ny stor region.
Jannicke Hilland gikk gjennom BKK sin filosofi på utbytte, investering og verdiskaping.

Innspel frå salen
Det var ei lydhøyr forsamling, og på slutten opna styreleiar i FINS, Geir Opseth, for spørsmål og innspel frå salen.

– Ein må ikkje gløyme at selskapet Sunnfjord Energi er eit resultat av ei lang rekke fusjonar, der mindre selskap valte å slå seg saman. Norge er verdsleiande på naturressursar, og desse ligg i stor grad langs kysten. Om vi skal bygge Vestlandet, er det viktig at ein gjer dette der ressursane er, og at det bur folk der. Ein må satse desentralisert. Denne fusjonen er eit fantastisk døme på dette med å tenke desentralisert, og oppretthalde busetnad der naturressursane ligg. Om ikkje endar ein med at alt blir sentralisert til Oslo, sa John Helge Lunde.

Jørgen Drage stilte spørsmål om tala for framtidig utbytte, og om det berre var eit forhandlingsutspel at ein hadde snakka om eit snitt på 15 millionar kroner i året historisk, sidan prognosane for framtidig utbytte var mykje høgare.
– Prognosane for framtidig utbytte er lagt på ein særs høg straumpris, utan investering undervegs, så det er mest av alt eit teoretisk tal. I dag er straumprisen 25 øre, dei høgste prognosane legg opp til 50 øre, svarte Andenæs.
– Dei kan slå til, eller det kan bli 0 i utbytte. Dette avheng av kva straumprisen bli.
Drage lurte også på korleis lokale innkjøp ville bli påverka av fusjonen.
– Der er vi styrt av regelverket for innkjøp, svarte Behrens.
– Vi handlar lokalt, så langt som råd.
– Vi kjem ikkje til å frakte gravemaskiner frå Bergen til Vevring, skaut Andenæs inn.

– Eg har vandra fram og tilbake i denne prosessen. Eg er stor tilhengar av lokalt eigarskap, og ser nytte og verdi i lokal avgjerslemakt. Samtidig ser eg at vi som driv næringsliv i regionen vår får positiv effekt av fusjonen, samtidig som ein tek i vare arbeidsplassane og framleis eig verdiane. Fusjonsplanane er eit godt stykke arbeid som eg meiner vi må gå for. Dette er ei god løysing. FINS ønskjer at Sunnfjord Kommune skal investerer 300 millionar kroner i eit Førde Arena. Det blir ikkje enklare om kommunen skal kjøpe aksjar i Sunnfjord Energi, slo Geir Opseth fast.

– Eg får spørsmål om korleis eg kan vere for fusjonen med bergensarane, eg som skulle halde Sparebanken Sogn og Fjordane lokalt, sa Andenæs.
– Og då er vi inne på denne pila eg snakka om tidligare, med kva som må vere på plass for eit selskap om ein skal halde fram som sjølvstendig eining. Moglegheit til å vekse, kapital til investering og så vidare. Sparebanken Sogn og Fjordane hadde kritisk masse til å overleve som sjølvstendig bank. Vi hadde moglegheit til å kjøpe opp andre aktørar lokalt og vekse, vi hadde teknologi som gjorde det mogleg å vekse og operer like godt teknologisk som dei større bankane og vi hadde kapital. Desse moglegheitene har ikkje Sunnfjord Energi i same grad per i dag.

– Den framforhandla løysinga er god, men den er forhandla fram fordi den er industrielt riktig. Eg er lettlurt, men dette gjer vi fordi vi ser at det er eit riktig grep. Det er slik vi skal bygge Vestlandet sitt største fornybare energiselskap. Det krev finansielle musklar, og at vi jobbar saman. Kraftbransjen har svaret på samfunnet sitt behov for grøn omstilling, og vi står sterkare saman. Og så må eg seie at eg er imponert over den fantastiske kompetansen som er i Sunnfjord Energi. Eg bøyer meg i støvet for den, og ser at det vil vere spennande å få tilgang på den. Eg meiner at Sunnfjord kjem betre ut av denne fusjonen, enn den med SFE. Både fordi det er industrielt riktig og fordi Førde blir sentrum for vidare utvikling. Eg håper vi får høve til å gjere dette, sa Hilland.

Sissel Bruland Gurvin lurte på korleis samanslåinga ville påverke ingeniørutdanning i Førde.

– Tilgangen på kompetanse er utruleg viktig. Vi ønskjer sjølvsagt å halde fram det samarbeidet som er der i dag, sa Hilland.

Ingeniørutdanninga er svært viktig. Dei har fokus på faget vår, i vårt området. Om vi skal lykkast med denne fusjonsavtalen er det gjennom rekruttering, fornying og stadig påfyll av kompetansen. Dei tilsette i Sunnfjord Energi ønskjer å utvikle seg, og har fått sjølvtillit gjennom å vere opne mot andre, sa Andenæs.

– Det er veldig gøy å sjå at unge i dag har lyst å jobbe med fornybar energi. Vi får mange gode søkarar. Tilgang på fagkompetanse er ein fundamental føresetnad og samarbeidet med høgskulen er kjempeviktig, sa Hilland.

– Om ein ser på dette med elektrifisering av ulike næringar, så ligg det eit enormt potensial i dette. BKK har teke ein nasjonal posisjon, blant anna på elektrifisering av oppdrettsanlegg. Gjennom fusjonen har vi moglegheit til å knytte oss på dette, og ta ein leiarposisjon, sa Andenæs, og viste til medieoppslag i Firda i dag om akkurat dette.

– For oss som er næringsdrivande, er dette med nettleige viktig. Folk flest vil spare 5000 kroner i året på dette. Thon Hotel Førde og Jølster vil spare 200.000-300.000 kvar. Scandic Sunnfjord Hotel ein halv million kroner. Eit datastyrt fellesfjøs rundt 25.000 kroner i året. Det er mykje pengar, og den rekninga kan vi no sende vidare til Bergen. Sunnfjord kommune vil spare rundt 4 millionar kroner i året. Det er lønning til 10 fagarbeidarar i helse og omsorgstenester per år. Nettleiga kan kanskje komme til å endre seg, men vi veit det skjer ingenting dei neste tre åra. Det er mykje pengar vi snakkar om, sa Lunde.