Folksamt møte i Førde Industri- og Næringssamskipnad (FINS)

Publisert torsdag 21. februar 2019

FINS og Sunnfjord Utvikling AS inviterte til møte og påfølgande middag 14. februar på Scandic Sunnfjord Hotell & Spa. Mellom 50-60 personar kom.
Desse utgjorde eit breitt utval av folk frå handel, bygg og anlegg, industri og offentleg forvaltning. Styreleiar i FINS, Geir Opseth, var strålande nøgd og ønskte Arve Varden, adm.dir i Helse Førde, hjarteleg velkomen til møtet og gav ordet til han.

Administrerande direktør i Helse Førde, Arve Varden, fortalte om planane for nye Førde Sjukehus

Rikets tilstand i Helse Førde med Arve Varde
– Eg har hatt ein spennande og givande første år som direktør i ein fantastisk organisasjon: Helse Førde har 2500 årsverkt, fordelt på 3000 tilsette, og eit budsjett på cirka 2.9 milliardar. Eg plar seie at Helse Førde er eit sjukehus, med seks inngangar: Førde, Sogndal, Tronvik, Florø, Nordfjordeid, Lærdal, pluss ambulansestasjonar i heile fylket. Målet er å bygge ein god struktur, levere gode tenester og at alle skal føle seg ivareteke. Utfordringa er at vi skal gjere dette i eit stort geografisk område. Helse Førde dekker 43 prosent av arealet i Helse Vest, så det er meir krevjande enn å levere gode tenester i tettbygde strok. Men norske helseføretak blir målt på kvalitet, på 113 parameter, og Helse Førde er det leiande føretaket på kvalitet. Av 113 parameter har vi 33 første, 7 andre og 7 tredjeplassar.

 

Ti år med bygging ventar. 

Nye Førde sjukehus
–I nær framtid skal vi investere 1.640.000.000 kr i nye Førde sjukehus, i tillegg til vår årlege investeringsramme på 70 mill. Kr. I mai byrjar Åsen & Øvrelid bygginga av nytt bygg for Psykisk helsevern. Vi skal bygge i ti år, for 2,5 milliardar kr. Og vi eit moderne, framtidsretta sjukehus, fortalte Varden.
–Helsevesenet er no i sterk endring, til dømes gjennom digitalisering. I løpet av 2019 skal mobilen din kunne guide deg til rett stad når du kjem til Helse Førde, registrere oppmøte, betale osv. Du treng då ikkje sitte på venterommet, du kan gå ut i kantina og så får ein SMS når ein skal møte. Dette er eit satsingsområde der ein skal flytte ressursar over til pasientbehandling. Men dei som framleis treng hjelp skal sjølvsagt får dette.

Helse Førde i framtida
– Det ventar ein del utfordringar: Aldrande folkesetnad, spreidd busetnad/stort areal/desentralisert struktur. Endring av fylkesgrenser og nye strukturar kan skape lekkasjar. Sjølv om meir behandling skal skje poliklinisk i framtida, går ikkje behovet for senger ned i nye Førde Sjukehus: Vi blir fleire eldre, med samansette helse-utfordringar. Rekruttering er og ei utfordring. Vi har mange store fagmiljø, berre FOU-avdelinga utgjer 50 tilsette, og stadig behov for nye folk. Vi er ein stor arbeidsgjevar, med fokus på rekruttering. Det gir kommunen og næringslivet i Førde moglegheiter. Når vi rekrutterer helsepersonell, har dei gjerne og ein partner som treng jobb. Difor er det viktig at alle aktørar speler på lag på dette feltet.

Varden snakka mykje om innovasjon og nyskaping 

Korleis kan helse Førde bidra til meir innovasjon og lokal verdiskaping?
–I framtida må færre ta vare på fleire. Det krev nye og innovative løysingar på kvalitative utfordringar i helsetenestene. Vi må skape eit meir aldersvennleg Norge. Vi aukar i år investeringa på FOU med 1.5 mill. Målet er at den kurva skal gå oppover. Næringslivet er ei av røtene som skal bidra til innovasjon og framtidas helsetenester. Vårt mål er å samspele med dei, sa Varden, og trakk fram ulike døme på innovasjon lokalt.
–Fjordomics, Norse – Feedback, TikkTalk, Intin, Telemedisin, Pust deg betre, Haptic, MR-korga, Smerte, Drone, Velferdsteknologi, Virtuell campus Nordfjord og fleire. Helse Førde, Kunnskapsparken, Høgskulen på Vestlandet samarbeider tett gjennom ei stilling i Førde. Vi må bli enno flinkare til innovasjon: vere bevist på studententreprenørskap og skape endringskompetanse blant nyutdanna. Potensialet for nyskaping og kommersialisering er stort. Våre dyktige fagfolk må bli bevisstgjort enno meir på at forsking og idear kan blir verdiskapande næringsutvikling. Så blir Helse Førde si rolle eå vere arena for idear, som andre overtek og kommersialiserer.

Gro Rukan er personen å kontakte om du har ein god ide – som kan kommersialserast. Her saman med Geir Opseth.

Har du ein god ide – så vil Helse Førde høyre frå deg
– Vi er alltid open for innspel og gode idear. 31.oktober er det Innovasjonsdag på sjukehuset, så huk av datoen og besøk oss, slo Varden fast.
–Når det gjeld inngang for interesserte bedrifter med Helse Førde som mogeleg kunde, er Gro Rukan ein person å snakke med, fortsette Varden med.
– Mi stilling er ei «koplingstilling», som handlar om nært samarbeid mellom aktørane Kunnskapsparken, Helse Førde og Høgskulen på Vestlandet. Så ta kontakt, så viser eg vegen vidare. Den handlar blant anna om kva type bedrift det er, og kva samhandling ein ønskjer med Helse Førde/Høgskulen. Det finnast mange støtteordningar, og ein vil møte stor velvilje og eit ønske om å få ting til. Eit døme: I 2018 fekk vi innovasjonsmildar til eit droneprosjekt i Helse Vest. Transportbehovet er der, og dronar er på veg inn. Korleis utnytte dette? Transferd og Airlift har gått saman i ei dronesatsing, så vi inviterte dei inn. No har Helse Sør Øst opna dørene sine og slept Airlift Solution inn i eit kjempespennande, stort nasjonalt prosjekt.

Rolf  Sanne Gundersen og Geir Opseth orienterte om saker som Sunnfjord Utvikling og FINS jobbar med for tida. Her mer Arve Varden som tilhøyrar. 

150 ledige stillingar
På tampen av kvelden informerte Rolf Sanne Gundersen frå Sunnfjord Utvikling, og Geir Opseth frå FINS om kva stoda i deira respektive selskap.
– Før karrieremessa til Framtidsfylket i Bergen telte vi opp ledige stillingar i «Sunnfjord kommune»:150 ledige stillingar. Vi må profesjonaliserer rekruttering enno meir. Dette handlar om rekruttering på eit breitt felt, ikkje berre på masternivå. Vi er i ferd med å ta ei initiativ der, fordi dette er særs viktig. Å fylle jobbane er eit prioritert oppgåve, sa Rolf.
–Dei utflytta ungdommane treng litt tid før dei vil heim, dei vil bu nokre år i Oslo/Bergen, så må dei overtalast til å flytte heim. Då må det vere bra å bu her, og dei må få gode jobbar. Dette er ein jobb vi må alle må ta saman.
–Og ein må ha god infrastruktur, i form av flyruter etc. Per no har vi eit godt tilbod til Oslo, men vi må jobbe for å få nattflyet til å overnatte. Vi mistar ruta til Bergen. Den blir heller aldri kommersialisert, grunna for lågt passasjergrunnlag. Det er underlig at den forsvinn når ein er på veg inn i ny region, og så legg ein ned kollektivtilbodet mellom dei største byane. Ein kan spørje om Bergens-ruta har fått ein sjanse. Ein ny region skaper truleg meir reising.
Peter Midthun frå Firda Billag kommentere at det går fem daglege bussar til Førde frå Bergen. Morgontilbodet er nok dårlig, men elles er buss til Bergen eit svært godt tilbod.
– Det var morgontilbodet eg meinte ja. Når det gjeld fly har vi kontinuerlig dialog med Widerøe, også om betre rutetilbod i helgene.
– Strategisk næringsplan vart behandla i dag, i alle fire kommunar. Den er ute på høyring, og eg oppmodar alle i næringslivet om å gå inn, lese og kommenter. For at vi skal få utvikling må kommunen vere ein utviklingaktør, og ikkje berre forvalte. Då er det viktig at næringslivet tek ansvar og gjere seg høyrt. FINS ønskjer synspunkt, som vi kan ta vidare, seier Opseth.
–29.mars blir det omvendt møte med toppkandidatar til partia i Sunnfjord kommune. Vi har plukka ut 8-9 næringslivsleiar som skal få seie kva politikarane bør ha fokus på i næringsarbeidet. Det blir på Larris, med servering av mat, så her er det berre å møte opp. Vi har dyktige politikarar, så får vi sjå om dei får seie noko også, sa Rolf med eit smil.
Meld deg inn i FINS og gi oss ei sterkare stemme
–Fins blir driven på dugnad av eit engasjert og godt styre. Sunnfjord Utvikling er ein profesjonell organisasjon, eigd av næringslivet og det offentlige. Vi samarbeider godt, SU er FINS sin operative arm, som løyser det vi ikkje kan gjere på kveldstid. Målet for begge er å skape meir aktivitet, fleire arbeidsplassar, meir innbyggarar og fleire tilreisande.
–Jo fleire medlemar FINS har, jo sterkare stemme. Så meld dykk inn, og ikkje minst spel inn behova dykkar til FINS så vi kan ta det vidare. Det er også viktig at næringslivet set seg inn i sakene som er viktig for dykk. Les planar, skriv merknadar til høyringar og bruk FINS som ein innspelsaktør.

Nye Førdehuset – Førde sitt kommande hjarte
Opseth fortalte FINS jobbar med for tida.
–Nye Førdehus står veldig høgt på lista over ting vi jobbar med. Det skal bli eit nytt hjarte i Førde. Tomta ligg klar.
–Arbeidet med neste økonomiplan for kommunen er i gang, og der håper vi å få inn nokre store tal: Vi ønskjer inn hall på Halbrend, nye Førdehuset og skuleutbygging på Øyrane. Det vil gje Førde eit komplett tilbod i løpet av 5-6 år. Dette er det viktigaste vi driv med.

Mykje folk i salen. 

Engasjert sal
Det var open for debatt og spørsmål undervegs, og det var mange engasjerte personar i salen.
– Helse Førde er ein stor arbeidsplass, men små i eit stort system. Kva ser du som det mest sårbare punktet for din organisasjon, spurte Rolf Sanne Gundersen i Sunnfjord Utvikling.
– Rekruttering. Eg spurte nyleg alle 34 avdelingsleiarane mine: Kva skal vi fokusere på i 2019? 95 prosent svarte rekruttering og kompetanseutvikling. Det blir stadig meir krevjande.
–De er på veg inn i ein ny situasjon: Frå «storebror» i Sogn og Fjordane, til veslebror i Vestland. Kjem det til å føre til endringar i struktur, undra Tom Farsund frå Rein Design.
– Det er ikkje komme nokre signal på det til no. Det er ikkje lagt noko føringar for dette på Helse Førde, så eg er ikkje så urolig for det, per no, svarte Varden.
–Kan Helse Førde bli ein stad der ein kan få utvikla idear/skape innovasjon? Positive haldningar til innovasjon, kan kanskje bidra til rekruttering, spurte John Helge Lunde.
– I samband med overskotet i Helse Førde spurte eg avdelingsleiarane om kva dei tykte om at ein del av pengane skal tilbake til organisasjonen, i form av utstyr og FOU/Innovasjon. Alle var einige. Å stimulerer til meir forsking, utvikling og innovasjon må bli enno meir legitimt. Vi har ein veg å gå, men kurva skal peike oppover, svarte Varden.
– Norse Feedback og Intin er to gode dømer på bedrifter som har brukt Helse Førde som kunde/testplass/leikeplass. Det har fungert veldig bra for dei to, skaut Geir Opseth inn.
–Velviljen i Helse Førde til å prøve å få til nye løysingar og nye prosjekt er utruleg stor, på alle nivå. Så må ein og ha respekt for at dei er ein offentlig aktør, med eit regelverk og prosessar som sjølvsagt skal følgast.
– Alle i salen har ei felles utfordring: Rekruttering. Det er viktig at vi heier på kvarandre, og tek vare på utdanningsinstitusjonane våre. Vi må samla oss rundt dei, og jobbe fram enno meir høgare utdanning lokalt. Det krev også at næringslivet, kommunen, fylkeskommunen, Statens Vevesen etc og er villig til å jobbe «dugnad», bidra med forelesarar, skaffe lærekrefter og så vidare. Der ligg ei utfordring, og det er viktig at vi står skulder mot skulder og vernar om utdanningane våre, skaut Leif Arne Åsen inn.
–Min ambisjon er at Helse Førde er bevist fellesansvaret ein har som samfunnsaktør, og at vi har ei rolle som ein stor aktør i lokalsamfunna rundt oss. Vi må bidra til utvikling av dei moglegheitene som er, og delta i dei arenaene vi kan. Høgskulen i Vestlandet, Kunnskapsparken og Helse Førde samarbeider via ei felles stilling i Førde, der Gro Rukan jobbar. Det er mykje FoU-arbeid i begge organisasjonane, ved Senter for Helseforsking. KPSF er kommersialiseringsaktør for HVL og HFD med god kobling til næringslivet. Ein satsar på studententreprenørskap, det å skape «endringskompetanse blant nyutdanna», og ser stort potensial for nyskaping og kommersialisering! Per no har Helse Førde 9 PhD-stipendiatar, 80 medisinstudentar, 373 sjukepleiestudentar, 104 andre og 21 lærlingar. Totalt 621 studentar i 16 ulike utdanningsløp og 36 praksisløp, sa Varden.
– Varden trakk fram at Helse Førde hadde 33 førsteplassar i landet på kvalitetskrav i helsevesenet, utan å få applaus, undra Leif Arne Aasen. Og fekk applausen.
– Vi i næringslivet har ei viktig rolle i tillegg til vår kjernedrift. For å skape god samfunnsutvikling må vi ut av bobla, og bidra til overordna utvikling. Ta berre saka om flyruta til Oslo. Rolf Sanne Gundersen drog oss med, næringslivet sto samla, brukte dei timane som trengtes – og så gikk det bra. Den same tenkinga treng vi rundt teknologilab, utdanning, skule osv. Den same ryggmargsrefleksen må slå inn hos oss som driv bedrifter. Dette er viktig! Det er eit like stort problem å mangle fagpersonell, lærlingar og elevar, som flyruter. Og vi i næringslivet må ta vår del av den jobben, sa Opseth.