Saker

FINS jobbar for å skape utvikling i Førde og omegn. FINS er medeigar i næringsutviklingsselskapet for Sunnfjord, SNU AS.
Nokre aktuelle sakene i 2012 er:
Førdepakken, nye vegløysingar i og omkring Førde. Både FINS og einskildverksemder i Førde har vore aktive i å opprette selskapet Førdepakken AS.
Storhall Førde. FINS har i fleire år jobba for at det skal bli bygd ein storhall i Førde. INU har no innstilt på at det skal løyvast 500.000 til eit forprosjekt.
Medlemsaktivitet. FINS arrangerer årleg fleire frukostmøter med ulike tema. Om hausten eit større bransjeseminar, og dessutan årsmøtet kvar vår.
Kontakten med næringslivet i Flora, og søsterorganisasjonen FIN har vore god i mange år. Dette samarbeidet er formalisert gjennom paraplyorganisasjonen Sunnfjord Næringsråd, der også Bremanger deltek.