Vedtekter

Vedtekne første gong på skipingsmøtet 16. juni 2008 på Rica Sunnfjord Hotel. Sist endra på årsmøtet 5. mai 2015.

 

§ 1       Namn

Foreninga sitt namn er Førde Industri og Næringssamskipnad

 

§ 2       Medlemar

Som medlem kan takast opp alle næringsdrivande i Førde og omland.

 

§ 3       Føremål

a)      Å samle alle næringsdrivande i Førde og omland til arbeid for å stø tiltak som kan fremje næringslivet sine interesser, og fremje næringsutvikling i området.

b)     Å fremje eit godt samarbeid mellom medlemane, styresmakter og andre viktige samarbeidspartar

c)      Foreninga tek ikkje del i arbeidstvistar

d)     Foreninga er upolitisk

 

§ 4       Styret

Styret er sett saman av 5 – 8  medlemar og to varamedlemar, av desse skal 2 medlemar representere industrien og 3 frå handelen og andre næringar, der ein søkjer begge kjønn representert. Styremedlemane er valde for 2 år. Leiar skal veljast særskilt på årsmøtet kvart år. Begge varamedlemane er på val kvart år.

Styret vel sjølv nestleiar og sekretær, og bestemmer kven som skal ta seg av rekneskapsføringa. Styret kan tilsetje administrasjon.

 

§ 5      Valnemd og revisorar

Årsmøtet vel kvart år ei valnemd med 3 medlemar, og leiar for denne. Årsmøtet vel kvart år inntil to revisorar.

 

§ 6       Faggrupper

Innan samskipnaden kan det med styret si godkjenning opprettast fag og eller bransjegrupper, eller arbeidskomitear for å fremje særskilte saker.

Styret kan yte desse gruppene eller komiteane økonomisk stønad. Utover denne stønaden er samskipnaden ikkje ansvarleg for gruppene sine økonomiske disposisjonar.

 

§ 7       Årsmøtet

Årsmøtet er samskipnaden sitt øvste organ.
Medlemsverksemder i kontingentklasse a) har 1 stemme.
Medlemsverksemder i kontingentklasse b) har 2 stemmer.
Medlemsverksemder i kontingentklasse c) har 3 stemmer.
Årsmøtet skal haldast kvart år seinast innan utgangen av april. Styret kallar inn til møtet med minst 8 dagars varsel. Med innkallinga skal fylgje: Sakliste, årsmelding, utdrag av rekneskapen og framlegg til budsjett.
Saker som medlemane vil ha fram for årsmøtet må vere styret i hende innan 15 mars.

Årsmøtet gjer vedtak i fylgjande saker:

  1. Godkjenning av årsmelding og revidert rekneskap.
  2. Vedtek budsjett og medlemskontingent.
  3. Valg etter vedtektene
  4. Andre saker som er fremja etter vedtektene.

 

§ 8       Ekstraordinært årsmøte

Ekstraordinært årsmøte kan haldast når styret eller minst 10 prosent av medlemane krev det.

 

§ 9       Prokura

Styret sin leiar og nestleiar teiknar for samskipnaden saman.

 

§ 10      Vedtektsendring

Framlegg til endring av vedtektene skal fram for årsmøtet, som med 3/4 fleirtal av dei avgjevne stemmene kan vedta endring. Framlegg til endring av vedtektene må vere styret i hende innan 31. desember. Kronesummen i vedtektene sin §12 er ikkje ein del av vedtektene og kan endrast på årsmøtet med vanleg simpelt fleirtal.

Alle andre saker vert avgjort med vanleg fleirtal. Ved likt stemmetal er leiar stemme avgjerande.

 

§ 11      Oppløysing

Framlegg om oppløysing må leggast fram for årsmøtet og avgjerast med 3/4 fleirtal av dei frammøtte medlemane. Dessutan krevst det 3/4 fleirtal i nytt medlemsmøte som vert innkalla med minst 8 dagars varsel. Årsmøtet og medlemsmøtet vedtek med vanleg fleirtal korleis samskipnaden sine eignelutar skal nyttast.

 

§ 12      Kontingentsatsar Førde Industri og Næringssamskipnad (endra på oktober 2020)

  • Verksemder med 0-5 tilsette i Førde og omland betaler ein årskontingent på kr. 900.-
  • Verksemder med 6-10 tilsette i Førde og omland betaler ein årskontingent på kr. 2.300.-
  • Verksemder med 11-35 tilsette i Førde og omland betaler ein årskontingent på kr. 5.200.-
  • Verksemder med meir enn 36-60 tilsette i Førde og omland betaler ein årskontingent på kr. 7.500.-
  • Verksemder med meir enn 60 tilsette i Førde og omland betaler ein årskontingent på kr. 9800.-

Sjå også: