Ny i jobben

Ny konsulent på utvikling og drift av nettstadar

Publisert mandag 5. august 2013

Guro Bryn Høgheim

Guro Bryn Høgheim

Guro kjem frå Voss, og blir den femte tilsette i Mediebruket. Ho skal jobbe som konsulent og prosjektleiar.

Ho er 24 år, kjem frå Voss, og jobba før ho flytta til Førde i Left Brain Marketing i Bergen. Der har ho hjulpe bedrifter med å marknadsføre seg på nettet, noko ho held fram med som ein del av jobben i Mediebruket. Ho har også skrive ei lang rekkje blogginnlegg som er nyttige for bedrifter som vil vere synlege på nettet.

Av utdanning har Guro mellom anna bachelorgrad i marknadskommunikasjon frå Handelshøgskolen i Bergen, og har teke fag innan medievitskap på Universitetet i Bergen.

Kompetansen til Guro passar godt inn i Mediebruket, som har spesialisert seg på digital kommunikasjon, og ikkje minst på utvikling av alt frå enkle til avanserte nettstadar, og innhaldsproduksjon og rådgjeving i samband med dette.

Selskapet Mediebruket AS er eit digitalt kommunikasjonsbyrå i Sogn og Fjordane med utvikling, drift og marknadsføring av nettstader som spesialfelt. I tillegg driv dei rådgjeving og tilbyr konsulenttenester innanfor dette fagfeltet, og produserer webinnhald.

Mediebruket held til i Kommunikasjonshuset Riksvegfem saman med Rein Design, Fylkesmagasinet m.fl.

Tips redaksjonen om nye tilsette