Ny i jobben

Geir Opseth vald som ny leiar i FINS

Publisert mandag 23. april 2012

Geir-Opseth-200pxNær 30 personar deltok på årsmøte i Førde Industri og Næringssamskipnad på Rica Sunnfjord Hotel og Spa torsdag 23. mai. Geir Opseth (biletet) frå Hellenes AS vart vald som ny leiar. Roy Stian Farsund og Leif Arne Åsen vart attvald til styret. Dei andre i styret som ikkje var på val er Trond Valaker, Øyvind Berge og Bodil Kidøy Lunde. Som nye varamedlemmer for eitt år vart Eivind Fonn og Sigrid Anette Førde valde.

Etter årsmøtet var det informasjon frå Coop Vest Eigedom AS v/Arild Meisterplass om planar for eit større arbeid med å få gjennomført planlegging av “Handelspark Førde” på Brulandsvellene. Herunder presentasjon av “Handelsanalyse Førde” v/Geir Myklebust, Balanza og planar og løysingar v/Olav Eikeland, Asplan Viak.

Last ned protokoll 23.mai 2013.docx

Tips redaksjonen om nye tilsette