Medlemsbedrift: Mentro AS

Publisert lørdag 26. august 2017

Mentro AS er ei arbeids- og inkluderingsbedrift organisert gjennom NHO Service. Dei har sidan 1981 arbeida for å hjelpe folk utanfor arbeidslivet inn i lønna arbeid. Med god kjennskap til det lokale næringsliv, samt det offentlige, nyttar dei sin kompetanse for å tilby tenester i Sogn og Fjordane.

I 1981 vart selskapet stifta under namnet Firda Produkt. I starten bestod bedrifta av enkelt produksjonsarbeid for å sysselsette personar som ikkje kunne være i ordinær jobb. Aktiviteten endra seg i samspel med innføring av nye arbeidsretta tiltak, rammevilkår og krav frå myndigheitene. Endringa av aktivitet førte til ei naturleg utvikling mot å bli ei komptansebedrift, og i 2014 endra Firda Produkt namn til Mentro AS.

I dag er bedrifta leverandør av tiltaka Arbeidsførebuande Trening (AFT), Varig Tilrettelagt Arbeid (VTA) og Arbeidsretta Rehabilitering (ARR). Desse tiltaka gjev mennesker som ikkje har kome inn, eller har falt ut av arbeid, gode moglegheiter for å returnere til ein meiningsfull kvardag.

I tillegg hjelp Mentro AS bedrifter med karriererettleiing, oppfølging av sjukmeldte, nedbemanningsprosessar og relasjonsleiing. Gjennom godt samarbeid med næringslivet og det offentlige, med mellom anna rammeavtale med NAV Sogn og Fjordane, er dei ein sterk pådrivar for utvikling i fylket.

Adresse: Øyrane 2, 6800 Førde
Telefonnummer: 57 83 36 00
E-post: post@mentro.no
Nettstad: www.mentro.no

Mentro AS er medlem i FINS. Meld inn di bedrift.