Medlemsbedrift: BOB BBL

Publisert fredag 25. august 2017

BOB logo

BOB BBL er det tredje største bustadbyggelaget i Norge, med 150 tilsette. BOB sitt hovedkontor er i Bergen, med regionkontor i Førde. BOB har meir enn 75 års erfaring innan bygging, utvikling og drift av gode bufellesskap.

Boligbyggelaget BOiVEST var resultatet av ein fusjon i 2008 av Sogn og Fjordane bustadbyggelag (1966) og Florø boligbyggelag (1948). Frå 2014 fusjonerte BOiVEST med BOB (1941) og vart då ein region i BOB. I dag finn vi BOB Region NordVest sitt kontor i Storehagen 1D i Førde. BOB BBL forvaltar nær 24.000 bustadar, og har omlag 70.000 medlemar (2017).

BOB Region NordVest dekkjer i utgangspunktet 25 av 26 kommunar i Sogn og Fjordane, og har bygd og/eller forvaltar om lag 2500 bustader i burettslag og sameiger(boligselskap) i 17 av dagens kommunar (2017).

I Førde har BOB bygd og/eller forvaltar rundt 1200 bustader i boligselskap, der det største burettslaget er Haugum burettslag med 117 leilegheiter. I tillegg til utvikling og bygging av gode bufelleskap i eigen regi har BOB bidratt som éin av ni likeverdige aksjonærar gjennom selskapet Futurum AS til utvikling av Storehagen i Førde sentrum. Selskapet har her bygd 28 leilegheiter og kontorblokka der mellom anna Lotteri- og stiftelsestilsynet og fylkeskommunen held til.

Besøksadresse: Storehagen 1D, 6800 Førde
Postadresse: Postboks 234, 6802 Førde
Telefonnummer: 55 54 74 00
Nettstad: www.bob.no

BOB Region Nordvest er medlem i FINS. Meld inn di bedrift.