Medlemsbedrift: Firda Billag

Publisert tirsdag 15. august 2017

Firda Billag er transportselskapet som har vore med oss heilt frå skipnaden i 1920. Med heile 450 tilsette finn ein tenester, innanfor eit vidt spekter av transport, i alt frå bilutleige til reisebyrå. Dei er også det største rutebilselskapet i Sogn og Fjordane og tilbyr både lokale ruter og ekspressbusser som krysser fylkesgrensene til og frå større byar.

Fram til 2010 var Firda Billag eit interkommunalt selskap eigd av kommunar i fylket. Etter dette har selskapet vore oppført som aksjeselskap og er no eigar av Fjordane Bilutleige, Fjordane Reisebyrå og Transferd, der 50% av aksjane er eigd av Trucknor Firda og Firda Billag Buss. I 2011 vart selskapet gjort om til konsern og Firda Billag Buss var skilt ut.

Firda Billag Buss blei i 2013 ein del av Torghatten-selskapet Norgesbuss, men styrast fortsatt frå Førde. Sjølv om eigarstrukturen har endra seg dei siste åra, gjev Firda Billag eit bredt transporttilbod til fylket og held på dei verdifulle tenestane.

Adresse: Storehagen 4, 6800 Førde
Telefonnummer: 57 72 50 00
Nettstad: dev.firda-billag.no

Firda Billag er medlem i FINS. Meld inn di bedrift.