No kan du legge arrangementa dine inn i ny kalender for Førde

Publisert mandag 12. juni 2017

FINS har fått utvikla ein løpande oppdatert arrangementskalender for Førde. Meininga er at kalenderen skal vise stort og smått som går føre seg i kommunen. Det er ønskjeleg at også næringslivet legg inn sine datofesta tilskipingar her for at fastbuande og besøkande lett kan få oversikt over kva som skjer.

Kalenderen fungerer også veldig godt på mobiltelefonen.

Sjå: iFørde – www.iforde.no

Kalenderen hentar arrangement som er lagt inn på «Det skjer»-sida til avisa Firda, og med løyve frå avisa filtrerer vi ut dei arrangementa som skjer i Førde. Det er også der du må legge inn arrangementa dine. I tillegg har vi henta inn kinoprogrammet til Førde kino, og viser dei i same kalenderen.

Løysinga er utvikla av Mediebruket i Førde.