Medlemsbedrift: Trucknor Førde AS

Publisert torsdag 1. juni 2017

Trucknor er ein forhandlar av og eit servicesenter for yrkesbilar.

Selskapet har avdelingar frå Arendal i sør til Finnsnes i nord, og omsette for om lag 2 milliardar kroner i 2016. I 2012 vart Autolast AS kjøpt av Trucknor, og dette vart starten på Trucknor Førde AS.

Trucknor Førde AS driv med sal og service til yrkesbilar. Dei er autoriserte forhandlarar av Volvo og Renault, samt servicesenter for desse i tillegg til MAN. Trucknor Førde AS er også tilbydarar av det nyaste av teknologisk utstyr betjent av spesialutdanna mekanikarar, og har det største lageret av utstyr til yrkesbil i Sogn og Fjordane. Dei tilbyr også naudservice utanfor ordinær opningstid om akutte behov skulle oppstå.

Adresse: Øyrane 10, 6800 Førde
Telefonnummer: 57 72 51 00
Opningstider: 07:30–15:30
Nettstad: www.trucknor.no

Trucknor Førde AS er medlem i FINS. Meld inn di bedrift.