Medlemsbedrift: Dolly Dimple´s Førde

Publisert torsdag 1. juni 2017

Dolly Dimple´s Førde er ein koseleg familierestaurant, som ligg i Storehagen 7 i Førde.

Vi serverer kjappe og velsmakande måltid, som pizza, ulike salatar, forrettar, kyllingvinger, taco-chips og dessert. Dolly Dimple´s Førde har eige bak–eri, og bakar ut alle pizzabotnane sjølv. Vi nyttar gode råvarer, og alt blir laga frå grunn av. Restauranten har skjenkeløyve.

Dolly Dimple´s Førde legg stor vekt på lun, flott atmosfære og ei triveleg matoppleving – for alle. Vi er glade i å lage pizza, fordi det er mat som er perfekt til å dele. Anten de er ein svolten småbarnsfamilie på farten, eit kjærastepar som vil dele eit koselege måltid – eller berre ikkje har lyst å lage middag i dag. Hos oss trivast både ung og gammal.
Og har du ikkje tid å stogge her i dag– har vi både levering og takeaway-meny.

For at alle skal trivast er restauranten delt inn i soner: I hovuddelen har vi innbydande og trivelege lokale, med god kontakt mellom gjest og serveringspersonell. Du ser inn til kokken som lagar maten din – og kjenner duftene av pizzaen som gradvis blir steik. Det får forventingane til måltidet til å stige.

Vi har eit stort leikerom til barna – slik at du kan nyte tida medan du ventar på maten i fred og ro. I tilknyting til leikerommet ligg ei eiga retro-inspirert sone, der ein kan lukke døra og vere for seg sjølv. Lokalet er ypparleg for bruk til barneselskap. Det er høve til å bestille barnebursdagar og andre feiringar her måndag til torsdag. Vi har eigen meny for dette.

Vi har også eit overbygd uteområde med varmelamper, for dei som vil nyte mat eller ein kopp kaffi ute, i godt selskap. Her er det varmt og triveleg, sjølv i ein vestlandssommar. Samla er det plass til rundt 100 gjestar i lokala våre.

Dolly Dimple´s Førde har 17 tilsette, fordelt på tre heile stillingar og 14 deltidsstillingar. Det gjer restauranten til ein viktig inngang til yrkeslivet for mange unge. Mange ungdomar har hatt sin første jobb her. Dette bidreg til å gjere Dolly Dimple´s Førde til ein inspirerande og kjekk arbeidsplass.

Opningstidene våre:
Måndag-torsdag: Kl. 12.00-22.00
Fredag og laurdag:  Kl. 12.00-23.00
Søndag: Kl. 13.00-22.00

Dolly Dimple´s Førde er eigd av Rast Restaurantdrift, som er eigd av Centrum Bensin og Bygg as, ved Roy Solbakken, og Line Kilnes, med høvesvis 51 og 49 prosent.
Selskapet vart stifta i 1996, og Line tok over som dagleg leiar i 2007.  Selskapet omsette for i underkant av 9 millionar kroner i 2016.

Dolly Dimple´s er medlem i FINS. Meld inn di bedrift.