Ny i jobben – unikt gratistilbod til medlemene i FINS

Publisert fredag 13. desember 2013

I samband med lansering av denne nye nettstaden for FINS ønskjer vi å tilby medlemsbedriftene ei ny teneste med høve til kostnadsfri profilering og marknadsføring: “Ny i jobben”.

Tanken er at bedriftene skal få marknadsføre sin nye medarbeidar, og på same tid få marknadsført bedrifta. Redaksjonen i FINS lagar ein artikkel som den nytilsette og bedrifta kan dele på Facebook osv. for å skape blest. Omtalen kan også fritt brukast på bedrifta sine eigne nettsider, og vil bli publisert på FINS si Facebookside (følg gjerne den for å få varsel om nytilsetjingar).

Kvifor denne tenesta?

Vi veit at nært- og kjært-stoffet er noko av det som blir mest lest i lokalavisene, dvs. fødde, gifte, trulova, døde, prisar og utmerkingar osv. Samtidig veit vi også at når avisene trykkjer søkjarlistar til profilerte stillingar eller arbeidsplassar, så er det godt lesestoff. Facebook og LinkedIn har overteke ein del av denne funksjonen, men det finst ingen oversikt over jobbskifte innanfor eit geografisk avgrensa område. Det er denne oversikten vi tek mål av oss å lage.

Årsakene til at vi lanserer denne tenesta er:

  • Det skal løne seg på mange måtar å vere medlem i FINS. Derfor vil vi skape medlemsfordelar som dette, som vi trur kan vere nyttig.
  • Det er i alles interesse at medlemsbedriftene i FINS kjenner til kvarandre, og har nokolunde oversikt over kven som jobbar kvar. Dette kan t.d. vere med og gjere det lettare å samarbeide og å kjøpe varer og tenester hos kvarandre.
  • Aktiv bruk og oppdateringa av denne tenesta vil vise for omverda at Førde og nabokommunane har eit dynamisk arbeidsliv.
  • Vi ønskjer meir besøk på fins.no for at fleire skal bli klar over oss og sakene vi arbeider med. Vi har tru på at denne tenesta vil vere med på å auke trafikken og å auke kjennskapen til FINS og til sjuande og sist rekrutteringa.

Kva andre saker kan publiserast på fins.no?

Det kan sjølvsagt vere andre nyheiter enn “Ny i jobben” som vil vere interessante for dei som er innom fins.no, t.d. store endringar hos ei bedrift, oppkjøp og fusjonar, kontraktar, arrangement, spons osv. Vi ønskjer også å ha omtale av slikt på fins.no, og har hyra inn informasjonsfolka hos digitalbyrået Mediebruket i Førde til å drifte denne tenesta for oss.

Om du ønskjer omtale kan du sende tekst, bilete o.l. på epost til fins@mediebruket.no.

Viss du ikkje har høve til å skrive tekst eller skaffe bilete sjølv, så kan du leige Mediebruket til oppdraget. Då lagar dei tekst, bilete og evt. video som kan brukast både på fins.no, på dykkar eigne nettsider, og som pressemelding og nyheitsbrev.