Nær 40 personar deltok på eit svært godt besøkt årsmøte i Førde Industri og Næringssamskipnad på Rica Sunnfjord Hotel og Spa onsdag 18.april. Ordførararne i Førde og Naustdal, formannskapsmedlemer frå Førde og utsendingar frå kollega-foreninga i Florø var også mellom gjestene. Trond Valaker vart attvald som leiar, og fekk med seg Geir Opseth frå Hellenes as, som ny styremedlem. Attvald til styret vart også Bodil KidøyLunde og Øyvind Berge. Dei andre i styret som ikkje var på val er Leif Arne Åsen og Roy StianFarsund.
Årsmøte vedtok også å auke kontingenten for medlemsverksemder med 10 – 50 tilsette frå 3.000 til 4.000 kroner. Sameleis ein auke for verksemder med over 50 tilsette frå kr.4.500 til kr.6.000. Minstesatsen på kr.1.500 for verksemder med under 10 tilsette vart ikkje endra.
Etter årsmøtet fekk dei frammøtte ei oppdatering om gruvesaka i Vevring frå direktør i Nordic Mining, Ivar S. Fossum. Direktør oCoop Vest,Geir Espe hold også eit foredrag om korleis Coop arbeider i sin region.
Last ned årsmelding 2011 (PDF)




Framsida